Treng du fin musikk til bryllaupet? Aslak Brimi har i lag med Rolv Brimi og Knut Anders Vestad samla, arrangert og spelt inn bryllaupsmusikk. Dette kan vere til inspirasjon for deg som har musikk til vielsen.

I notesamlinga «I morgo ska du få gifte de» har vi samla 100 brurmarsjar. Og i noteheftet «Det er så fagert i fylgja gå» har vi arrangert ut 10 marsjar for melodiinstrument og orgel. Så da kan du bestille heftet og få organisten og musikarar til å bruke notene for å få din yndlingsmarsj i vielsen.

I morgo ska du få gifte de’
I noteheftet I morgo ska du få gifte de’ har Aslak Brimi i lag med far sin, Rolv Brimi, samla bruremarsjane i Skjåk, Lom og Vågå i ei samling. I samlinga er det 27 tradisjonelle og 53 komponerte brurmarsjar. Samlinga er gjeve ut hos Musikk-Husets Forlag.

Det er så fagert i fylgja gå
I lag med musikar, komponist og arrangør Knut Anders Vestad gjev Aslak Brimi ut samlinga Det er så fagert i fylgja gå. Her er det ti marsjar arrangert for fele og orgel, samt salmen som ber same namn som heftet. Samlinga er gjeve ut hos Musikk-Husets Forlag. I tillegg til denne notesamlinga har dei to også spelt inn musikken og gjeve ut som albumet Det er så fagert i fylgja gå. Denne er gjeve ut på plateselskapet ta:lik og kan bestillast som CD av Aslak Brimi direkte, eller via talik.no, eller du kan streame musikken i ulike streamingtjenester.

Brudepar

Det er så fagert i fylgja gå

1. Rubin – brurmarsj av Aslak Brimi.
Mor og far til Aslak, Kari og Rolv, feira Rubin-bryllaup jula 2017. Dei fekk denne marsjen som gåve.

2. Vågåmarsjen (trad.)
Denne flotte marsjen er nedteikna etter Hans W. Brimi, men denne har vore mykje brukt i heile dalen. Marsjen har fleire nemningar: «Marsj etter Ringnesen», «Lalmsmarsjen» og i Lom brukast «Vågåmarsjen».

3. Gjendejenta – tradisjonell brurvals
Hans W. Brimi sin kvartett hadde over 30 gammaldansprogram i NRK på 60- og 70-talet. Denne valsen var ein av dei mange tradisjonelle brurvalsane dei brukte, og dei la på han namnet Gjendejenta.

4. Eldstejenta – brurmarsj av Hans W. Brimi
Denne brurmarsjen laga Hans til bryllaupet til eldste dottera, Anna, da ho gifta seg i Lomskyrkja.

5. Det er så fagert i fylgja gå
Da Aslak Brimi og Heidrun Laugsand skulle gifte seg i 2014, var dei på leit etter fine salmar å ha i vielsen. Dei kom over salmen «Det er så yndig at følges ad», men var ikkje så begeistra for å bruke den vanlege melodien på han (same melodi som «Du grønne, glitrende tre»). Dermed vart det til at Aslak laga ny melodi. Seinare valde eit venepar av Aslak og Heidrun å bruke same salme med den nye melodien, og brudgommens far, Arne M. Sølvberg, gjorde ei nynorsk omsetjing.

Den opprinnelege teksta er skrive av den danske salmediktaren N. F. S. Grundtvig i 1855.

Den kom til Noreg fyrste gong i Wilhem Wexel si samling Christelige Psalmer (1859), og seinare i Nynorsk Salmebok (1925) og i Landstads reviderte salmebok (1926). Salmen vart oversatt til nynorsk av Hans Seland i 1919 og vart «Det er so fagert i fylgje gå». Vi finn salmen i Landstads reviderte salmebok frå 1960 (salme nummer 844) med fire strofer.

6. Varde – brurmarsj av Aslak Brimi
I høve opninga av den nye utstillinga Bergtatt på Norsk Fjellsenter i Lom i juni 2018, laga Aslak Brimi ei ny suite for fele, song og strykarar. Ein av satsane er denne brurmarsjen. Marsjen er inspirert av fjellet Kyrkja i Leirdalen. Når ho står der kledd av snø ser ho ut som den flottaste brur.

7. Aleine ilag – brurvals av Aslak Brimi
Her har Aslak Brimi freista å lage ein brurvals i tradisjonell stil. Utgangspunktet er følgande utsagn: «Vi opnar dette programmet med å spela ein gamal brurvals. Oftast er desse brurvalsane berre stutte leikje. Det fordi at det er ikkje alle som er like gode på dansegolvet, og derfor ville dei gjerne ha det fort overstått.»(Sitert Hans W. Brimi i gamaldansprogram i NRK på 1960-talet der han introduserer ein kort og god brurvals.)

8. Heidrun – brurslått av Aslak Brimi
Denne slåtten laga Aslak til kona, Heidrun, da dei to gifta seg.

Vakker fiolin

9. Bjørnsons brurmarsj (trad.)
Dette er ein kjent marsj i heile landet, og det seiast at sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson valte denne til bryllaupet sitt. Derfrå kjem namnet.

10. Storlimarsjen (trad.)
Bruremarsj nedteikna etter Hans W. Brimi. Denne seiast å vere Kristen Storlien (1828-1924), Lom. Denne har vore mykje brukt, og er kjend i mange distrikt utanom Gudbrandsdalen også. Slåtten vart brukt ved under OL på Lillehammer i 1993 da spelmannslaga frå Gudbrandsdalen var med og spelte ved fleire høve.

11. Brurvals (trad.)
Dette er ein av mange tradisjonelle brurvalsar mykje brukt i Lom.

12. Norsk kjærleikssong
Diktet «Norsk kjærleikssong» av Tor Jonsson (Berg ved blått vatn, 1946) er av dei finaste og mest brukte kjærleikssdikta våre. Aslak Brimi har tonesett diktet og Knut Anders Vestad har arrangert.

13. Garmomarsjen (trad.)
Dette er ein av marsjane i kjernerepertoaret til spelmenn i Nord-Gudbrandsdalen. Vi har skrive ned etter opptak med Hans W. Brimi, som lærde marsjen av Ola Moløkken (1871-1957) frå Garmo i Lom.

14. Lomsbrura – brurmarsj av Hans W. Brimi
Denne er komponert av Hans W. Brimi, og her er det sjølvaste Lomseggen som står brur. Slåtten spelast vanlegvis på felestillet AEAE.

15. Brurvals (trad.)
Dette er ein av mange tradisjonelle brurvalsar mykje brukt i Lom.

16. Mette-Marit – ein lykkjemarsj
Dette er ein marsj vi i Lom har etter spelmannen Ola Moløkken (1871-1957). Den er mykje brukt i Nord-Gudbrandsdalen og i Lom vert han ofte berre kalle ein lykkjemarsj. Som eldre kjelde vert det ofte nevnt ein Gammel-Sjugurd som spelmannen Syver Larsson (1810-1889) frå Skjåk vart kalla. Da kronprinsparet gifta seg i 2001 brukte Jan Garbarek denne som utgangsmarsj. Sidan har denne vakre marsjen bore det namnet til kronprinsessa. Vår versjon er etter eit opptak med Hans W. Brimi.

Notesamling

Om CD-prosjektet
I eit par år har Rolv Brimi og Aslak Brimi arbeidd med innsamling og nedteikning av brurmarsjar i Ottdalen (Vågå, Lom og Skjåk). Dette har nå resultert i to notesamlingar og eit musikkalbum. I morgo ska du få gifte de’ er ei notesamling med alle marsjane dei har funne, det vil si 100 marsjar. I notesamlinga Det er så fagert i fylgja gå har Knut Anders Vestad arrangert ut 10 av marsjane for orgel og fele. Desse arrangementa er utgangspunktet Vestad og Aslak Brimi har gjort med bryllaupsmusikk frå Lom. I lista til venstre er ei oversikt over spora på dette albumet.

På CDen medverker Knut Anders Vestad (orgel) og Aslak Brimi (fele/song). Lydarbeid er gjort av Fridtjof A. Lindeman. Innspeling gjort i Sofienberg kyrkje 14. og 15.mai 2019. Alle orgelarrangement er av Knut Anders Vestad. Coverfoto av Johannes Selvaag, og grafisk formgjeving av Aslak Brimi og Heidrun Laugsand.

Takk til Rolv Brimi og Thøger Bjørsvik.

Utgjevinga av CDen er støtta av Norsk Kulturråd.

Notesamlingane I morgo ska du få gifte de’ og Det er så fagert i fylgja gå får du kjøpt på www.musikkforlagene.no. Innsamlinga av marsjane og utgjeving av notesamlingane er støtta av Norsk kulturråd, Stiftinga G-Kultur, Rådet for folkemusikk og folkedans, Vågå kommune, Skjåk kommune, Vågå spel- og dansarlag, Lom spel- og dansarlag, Skjåk spel- og dansarlag og Lom kommune.

Dette er en artikkel fra Aslak Brimi

Kunsta må vera som det rennande vatn:
Det må vera levande samanheng med utspringet, men alltid med friske tillaup. 

Nyhetsbrev

Få inspirasjon til bryllupet og motta tips og råd for evig kjærlighet. Meld deg på vårt nyhetsbrev i dag.

Bryllupsplanleggingen gjort enkelt

Sijabra er gratis for alle brudepar! Her kan dere booke lokale, fotograf, blomster og alt dere trenger til bryllupet. Dere kan delegere oppgaver dere imellom, samt finne tips og inspirasjon til den store dagen.
Start planleggingen

Nyhetsbrev

Få inspirasjon til bryllupet og motta tips og råd for evig kjærlighet. Meld deg på vårt nyhetsbrev i dag.